Soknerådets ansvar og oppgaver


Soknerådets ansvar og oppgaver


Hovudoppgåvene til soknerådet er nemnde i § 9 i kyrkjelova, men òg andre regelverk
er med på å definere ansvaret til soknerådet. Kyrkjelova § 9 teiknar opp følgjande hovudføremål med arbeidet i soknerådet:
 
«Menighetsrådet skal ha sin oppmerksomhet henvendt på alt som kan gjøres for å
vekke og nære det kristelige liv i soknet, særlig at Guds ord kan bli rikelig forkynt,
syke og døende betjent med det, døpte gis dåpsopplæring, barn og unge samlet om
gode formål og legemlig og åndelig nød avhjulpet. Menighetsrådet har ansvar for at kirkelig undervisning, kirkemusikk og diakoni innarbeides.
 
På andre område står soknerådet friare til å vurdere om og på kva måte ein skal

prioritere ut frå lokale forhold og tilgjengelege ressursar. Som eksempel på arbeid
og tiltak soknerådet kan prioritere ut frå kl. § 9, i tillegg til dei tre områda med retningsgivande
planar, peikar vi på:
 
• Barne- og ungdomsarbeid
• Besøksteneste
• Forbruk og rettferd, miljøengasjement og samfunnsengasjement
• Bibelgrupper og samtalegrupper
• Misjon og evangelisering
• Økumenikk
• Rekruttering og organisering av frivillig arbeid
• Spesielle oppgåver nemnde i kyrkjelova
I tillegg til soknerådsoppgåver knytte til utvikling og strategi på kyrkjelydsnivå, har
kyrkjelova òg nokre enkeltparagrafar som gir soknerådet ansvar og oppgåver av
meir forvaltningsmessig karakter. Det dreiar seg mellom anna om
• å ta avgjerd om kva og kven kyrkjeofringane skal gå til,
• å medverke (gi fråsegn) ved tilsetjing av prest (som blir tilsett av bispedømmerådet)
og prost og biskop (som blir utnemnd av Kongen/Regjeringa),
• utleige av kyrkja,
• å førebu saker til kyrkjelydsmøte (sjå 2.4),
• å gi ulike rapportar til andre kyrkjelege organ og Statistisk sentralbyrå.
Soknerådet er eit offentleg organ (kl. § 38) og må i slike saker følgje saksbehandlingsreglane
som gjeld for offentlege organ og/eller er vedtekne av kyrkjelege
organ.
 
Soknerådet og gudstenestelivet
Hovudansvaret for gudstenestene er lagt til presten, men soknerådet har ansvar og
tek avgjerder på visse område. Dette er område ein ikkje finn omtala i kyrkjelova,
men i Gudstenesteboka.
I samband med gudstenestereforma har Kyrkjemøtet uttrykt ønske om at kyrkjelyden,
og da særleg soknerådet, skal ta ansvar for gudstenestelivet ved å leggje vekt
på at gudstenesta er hovudsamlinga for kyrkjelyden (sjå meir om gudstenesteliv i
kap. 3.5).
Oppsummert har soknerådet ansvar for å tenkje strategisk kring det lokale kyrkjelege
arbeidet ut frå
• det ein finn formulert i lova,
• kva det vil seie å vere kyrkje lokalt ut frå Kyrkjemøtets visjon «I Kristus – nær
livet, ei vedkjennande, misjonerande, tenande og open folkekyrkje»,
• behov og tradisjonar i lokalsamfunnet,
• tilgjengelege ressursar.

Tilbake